Runi Posted December 6, 2020 Posted December 6, 2020 hovedlys høyre side er defekt. bør jeg skifte pære på begge sider og er det masse arbeid ?
Simen Arntsen Posted December 8, 2020 Posted December 8, 2020 Viss det er xenon er det generelt anbefalt å skifte på begge sider, for å få likt lys på begge lyktene. Men så lenge lyset i den andre er kvitt og fint, så MÅ du ikkje. Er det antydning til rosa, lilla, grønt, eller noko anna enn kvitt, har den gjort jobben sin, så då kan du like godt skifte begge. Følg litt med når lyset tenner, om det då er misfarga. Eg har ikkje sett på lyktene, så veit ikkje heilt kor mykje arbeid det er, men viss du får hendene ned og får av dekselet, så er det ikkje så mykje arbeid. Men litt trangt og knotete kan det vere... Hugs at du aldri skal ta rett på glaset på lyspærer til bil. Hald mest mulig på sokkelen, og bruk gjerne hanskar. Viss du får fett frå fingrane på glaset vil du kunne få kortare levetid.
Simen Arntsen Posted December 8, 2020 Posted December 8, 2020 Det kan jo og vere andre ting enn pæra som er problemet. F.eks ballast og andre ting i systemet. Viss det er greitt å komme til å ta ut og inn pærene, kan du jo prøve å flytte venstre pære over i høgre lampe og sjå om det fungerer.
HåvardR Posted December 9, 2020 Posted December 9, 2020 Eg skifta xenonpærer på ein w212 for eit par år sida. Etter kva eg hugser var høgresida svært enkel å kome til uten å demontere noko. Venstre side var umulig, der tok eg ut innerskjermen (gjort på 2 minutter så vel verd det) og då er det kjempegod plass. Eg skifter alltid pærene i par uansett. Ryker den eine pæra så ryker den andre også innen rimelig tid.
Recommended Posts
Please sign in to comment
You will be able to leave a comment after signing in
Sign In Now