Jump to content

2001 W203 starter ikkje. 200T CDI. (Heilt nytt batteri)


Recommended Posts

Posted

Chassisnummer: WDB2032041F191463

 

Har hatt bilen i eit par måneder bare.

 

Bilen har stått i ro ei veke (Eksamenstid, så har ikkje brukt den). Lot den stå på tomgang i 20 minutter, og så skrudde eg den av. Det gjekk kanskje 40 minutter før eg starta bilen og kjørte. Skulle levere eit lite kjøleskap eg hadde solgt, men var usikker på kor adressa var så eg stoppa på eit butikk, og før eg fekk skrudd av tenninga så daua bilen. Då eg skulle starte den så var den litt rar, men den starta før den skrudde seg av nesten med ein gong.

 

Når eg prøvde å starte den igjen så skjer alt slik det skal, eg venter på at glødelampa skal slukke, men då eg vrir om nøkkelen så kinner eg den bare. 

 

Prøver ein gong til, og merker at det tar litt tid før lys og slikt skrur seg på før eg kan kinne den. 

 

Beit i det sure eple og ringte Viking og fekk den taua til nærmeste Mercedes verksted (ca. 200 meter....)

 

Dei åpner ikkje før mandag, kanskje dette er noko eg kan fikse sjølv ?

 

Har ein stefar som meinte det kunne være eit relé i bagasjerommet på venstre siden som måtte byttes, nr 2 nedenfra. 

 

Tips til feilsøking ?

 

Posted

Kan vere luft i dieselslange. OM611 er kjent for det.

Det som skjer er at pakningane i koblingane blir dårlige, og det blir trekt luft inn i systemet. Det er normalt ingen synleg diesellekkasje..

 

Slangane det er snakk om går rundt i motorrommet, mellom anna inn på dieselfilteret og høgtrykkspumpa, så dei er enkle å lokalisere og skifte. Dei er blanke, med eit svart plastrør rundt. Ser i grove trekk slik ut https://m.aliexpress.com/item/4001066358970.html?trace=wwwdetail2mobilesitedetail

 

Sjå om du ser luftbobler i bevegelse.

 

Bilen vil normalt starte etter nokre startforsøk. Viss det er luft i systemet ser du det med ein gang nå motoren går.

 

Det kan og vere tett dieselfilter og tett tanklokk (undertrykk i tanken når lokket ikkje slepp inn luft), men slangane er ein gjentakande syndar.

 

Dieselfilter bør uansett skiftast viss du ikkje veit når det var gjort sist.

Du kan prøve å skru av tanklokket og høyre om det er eit sug akkurat i det du opnar.

  • Like 1
Posted (edited)

Som den amatøren eg er så hadde eg jo ikkje med meg noko verktøy, så det var berre utvendig inspeksjon.

 

Høyrte ikkje noko sug i tanklokket.

 

Gjorde ein liten brølar, trur eg, då eg ba Viking om å kjøre den til Mercedes-verkstad i staden for det planlagte verkstedet dei ville køyre den til. Nesten 2 000 kr i timen skulle dei ha. (Inkludert moms)

 

Dei vil begynne med å skifte eit røyr mellom dieselfilter og "følepumpe" (Tatt over telefon, får skriftlig tilbud imorgo), samt skifte nokon slanger og tetninger, ca. 3-4 timers arbeid. Dei kunne ikkje garantere at dette ville løyse problemene, dei ville starte med dette, men måtte rekne med 10 000 kr. (Betalte 25 000 kr bilen...)

 

Eit anna verksted (Det opprinnelige Viking ville køyre bilen til) tar ca. 1 000 kr timen inkludert moms. Det ligger og eit NAF Verksted i nærheten av Mercedes-forhandleren.

 

Leser litt rundt dette med tauing av automatgir der dette sterkt frarådes, må eg til med bilbergingsbil ?

 

Har eg kjøpt katta i sekken ?

 

 

Edited by halvliter
Posted

Slangane skiftar du sjølv på ein times tid...

 

Du treng torx 30 eller 40 for å ta av dekselet på motoren, og flatt skrujern for å vippe ut låsen på slangane.

 

Slangane kostar sannsynlegvis nokre hundrelappar pr stk på merkeverksted. 3 eller 4 stk, viss ikkje eg hugsar heilt feil.

 

Følepumpe veit eg ikkje kva er, men det går ein slange mellom dieselfilteret og høgtrykkspumpa til dysene. Denne er vanleg å skifte.

 

Du skal ikkje trille bil med automatgear uten motoren i gang.

Viss du må flytte bilen over veldig kort avstand, kan du likevel gjere det i lav fart.

Kan og trillast viss du løyser av mellomaksling, men det er jo litt styr med.

 

Har du prøvd å starte? Min starta alltid på 4.-5.-6. Forsøk, viss ikkje eg hugsar feil. Den starta i alle fall alltid til slutt

Posted

Det er nok A6110707032 dei tenker å skifte i første omgang. Denne går frå dieselfilter til høgtrykkspumpa framme på motoren.

Vidare kan det og vere problem med A6120703232 og A6110706332.

Den første er enkel å skifte, dei to andre er litt meir knotete. Det er og ein lufteventil der, som kan fuske..

Du kan og berre skifte o-ringane, det er mykje billegare. Men ofte er slangane og koblingane så dårlege at dei aldri blir skikkeleg bra med berre nye o-ringar.

Eg har kanskje slangar, om du er interessert i brukte. Eg trur eg har skifta alle på min 2001 E-klasse med delvis same system som din. Dei har ikkje gått så langt etter dei var skifta, og bør halde ei god stund til. Men eg må sjekke tilstanden, demontere og sende, så det går nok over helga før du har dei i hende..

 

Dieselfilter A6110920001 skadar heller ikkje å skifte..

Posted

Ja, eg hadde nok høyrt feil i telefonen, andre eg har snakka med har sagt "fødepumpe", men for meg høyrtes det berre rarere ut ;-)

 

Eg prøvde berre to gonger, men kinna i kanskje 20 sekund kvar gong. Dersom eg får start på bilen er det "trygt" å køyre til eit anna verksted ? 

 

Desse delene du nevner her, er dei rå å få tak i hos MECA eller Mekonomen eller slikt ? 

 

Takk for all informasjon, det setter eg pris på!

 

Posted

Når bilen startar er det ingen problem å køyre. 

Ikkje trykk så veldig hardt på gasspedalen, då er det større sjans for at den stoppar.

 

Delene får du frå f.eks Auto Trio, Autoroyal, Vollen Truck & Parts (Simen Malerbakken), MBSpecialist/Båstad bil, Bertel O. Steen.

Meca og Mekonomen har kanskje, du må berre spør..

Bos skaffar over natt ved bestilling tidleg på dagen, dei andre treng nok lenger tid.

Posted

Viss du har automatgear kan du sleppe nøkkelen, så stoppar startaren når bilen startar, eller etter ei viss tid bestemt av MB.

 

Når du får tegn til fyring, kan du prøve å gi litt forsiktig gass.

Posted (edited)

Takk for info om deler og køyring!

 

Fekk skriftlig tilbod i dag:

 

Utført korttest (elektronisk diagnose) Sjekket faktiske verdier - får ikke dieseltrykk når man kinner. Sjekket drivstoff slanger, mye luft i dieselsystem. Dårlige tetninger på flere slanger, samt et skadet rør mellom dieselfilter og pumpe. Anbefaler å begynne med skift av tetninger og rør i første omgang. Det kan også være andre ting som innvendig lekkasje i dyser som gjør at bil stopper under kjøring. Men for å teste skikkelig må drivstoff system være tett.

 

Diagnose - 1 583 kr

 

Arbeid -  3725 kr (Inkludert moms, står ikkje antall timer)

 

Skiver 4 stykk - 135 kr

 

O-ring 5 stykk - 141 kr

 

Ledning - 445 kr

 

Totalt for arbeid - 4 447 kroner.

 

Verksted matriell 479 kr

 

EU-kontroll - 1550 kr

 

Totalt

 

8060 kr.

 

Er dette normal pris for merkeverksted ? 

 

EDIT:

Ringte eit anna verksted, og dei kunne tipse meg om at det ofte var problem med sikring/relé som ligger i bagasjeroms-uttaket, som skal gå til fødepumpa som ligger i nærheten av dieseltanken. Skal visstnok være 150 bar trykk inn.

 

Skal prøve igjen på torsdag :-) 

 

 

 

 

Edited by halvliter
Posted

Var vel forsåvidt ikkje så gal pris det der. Eg veit ikkje kor mykje du skrur på bil sjølv, men som sagt er dette ganske greitt å gjere sjølv. Då sparar du jo litt arbeidspengar.

 

Ledning 445 er vel muligens A6110707032, som går frå filter til høgtrykkspumpe.

Eg vil tru at viss du skiftar den, så er mykje gjort. Dei andre slangane er nok ein del dyrare, og litt meir arbeid å skifte, så kanskje det kan vere greitt å berre skifte o-ringane der, viss ikkje det er nok å skifte mellom filter og pumpe.

 

Sikring og relé kan du berre late vere å tenke på inntil vidare. Det er ganske sikkert luft i systemet som er problemet ditt...

  • Like 1
Posted

Tusen takk!

Eg har aldri skrudd bil før, og er midt i eksamensperiode, så har ikkje så mykje fritid eller ekstra energi på å lære meg noko nytt. Trur eg får bite i det sure eplet denne gong, og så ta lærdom av det.

 

Skal oppdatere med endelig dom!

Posted

Ok, da meiner eg du skal vere fornøgd med prisen du har fått, det er jo ein EU-kontroll med i prisen og.

Og sjølv om merkeverksted har høg timepris, er det ikkje nødvendigvis så mykje dyrare, fordi dei ofte kan gjere ein jobb raskare, og dei tar ikkje alltid betalt for alle timane dei brukar.

  • Like 1
  • 3 weeks later...
Posted

Då er bilen på vegen igjen og eg er ein glad laks! Har køyrt den i litt over 2 veker nå, og det ser ut til at motoren får det den skal ha av drivstoff. Har hatt meg eit par langturar og, ingenting å utsette på ytelsen eller startvilligheten.

 

Prisen vart som avtalt (tidligare i tråden), men skal ta EU-godkjenninga ein annan plass.

 

 

Please sign in to comment

You will be able to leave a comment after signing in



Sign In Now
×
×
  • Create New...