Jump to content

HåvardR`s garasje 190E & S203


HåvardR

Recommended Posts

Då ser det ut som det var påtide at eg lagde meg ein ny tråd siden det har vore litt utbytting i parken sida sist.

Har ikkje klart å halde dei heilt for meg sjølv, men sett mitt snitt til å vise dei litt fram i andre tråder :lol:

Siden eg har gått i innkjøp av ein 190E tenkte eg at det kanskje blir muligheiter for å få til oppdateringer av og til også, C klassen berre tusler og går så blir litt kjedelig i lengda..

 

"Garasjen" består av ein 2003 modell C180 Kompressor T modell som eg kjøpte Januar 2015, den gang med 84 000km på tellaren, ein 1 eigars bil. Den har no gått i underkant av 104 000km. Elles godt holdt med greit utstyr, nemner noko:

 

-Elegance utgave

-Automat

-Cruise Controll

-Xenon

-El vinduer framme og bak

-Avtagbart hengarfeste (Ettermontert i mitt eige)

 

Ein god bil som går og går! Hatt veldig lite problem med denne. Skifta alle fjærene, bremserør bak og camberstag forran i forbindelse med EU.

Bilen har i mitt eige fått seg litt smått;

 

- Bytta original CD spiller med Pioneer AVH-3800DAB spiller som har dab, bluetooth osv. osv.

- Cadence komponentsett i framdører

- Focal 12" sub i bagasjerommet

- Forsterker nedfeldt i hjulbrønn

- Nye 17" sommarfelger

 

Elles får bilen god pleie på bilpleiefronten. Her er det fast vask kvar helg + minimum 1 skikkelig spyling i løpet av veka. På vinter med salting blir det fort fleire ganger  :lol:

I tillegg er det alltid litt kos med ein form for "ekstra" vask, rens, beskyttelse av noko. Enten det er matter, pedaler eller lakk!

 

Her er nokon bilder av bilen i farta frå den fekk vår/sommarklargjeringa med maskinpolering og swisswax voks som kronen på verket!

 

IMG_3793_zpsdysbgn3u.jpg

 

Snapchat-6247911498009449639_zpsbtia350m.jpg

 

 

 

 

Neste bil er min nyinnkjøpte 190E 2l 93 mod!

Den kjøpte eg januar 2017 og vil i vinter være "helgebilen", så får vi sjå utover vår og sommar kva som skjer (C klassen har defapakke  :lol: ).

Den har vandra lave 185 000km og ser ut til å holde seg veldig bra for alderen! Den virker å være i stort sett veldig bra stand og det var såpass kjekt å kjøre "gammal" merce at det blei kjapt kjøp  8)

 

Den kan friste med følgande utstyr:

-Nakkeputer venstre/høgre side bak

-4 trinns manuell

-ABS

 

Der stopper det vil stort sett, ingen velutstyrt bil. Den har foreløbig fått seg ein CD spiller og nye høyttalere i dashbordet. Forrige eigar hadde hatt inn nokon i dørene med det resultatet at dei skjærte i stykker oppbevaringsrommet i dørpanelet  :shock:

Elles mangler det litt småting som oppbevaringsrom over cd spillaren og høgre fremre gulvteppe fra dørterksel til gulv.

Bilen er godkjent senka, men kva fjærer og dempere som står på må gudane vete, den var så lav framme når eg kjøpte den at den subba i innerskjerm berre bilen såg antydninger til singel i veibana så den har blitt heva litt med 2x 4er puter framme. Er på jakt etter eit fjærsett som er LITT høgare enn det som står på no.

 

Skal i løpet av veka få skifta bærekuler framme då høgre framme har begynt å skrike voldsomt.

Bilde etter sin første skikkelige utvendige vask i helga:

 

20170121_203255_zpsliqhr3m4.jpg

 

Og eit bilde av begge to sammen!

 

20170121_204642_zpsstnt5enm.jpg

 

 

Link to comment
Share on other sites

Hiver ut ein liten "statusoppdatering" på 190en.

Den fekk i løpet av første veka i nytt eige ein skikkelig gjennomgang innvending. Her var det tydelig at "det er ikkje så nøye" mentaliteten har stått i høgsete. Bilen lukta av wunderbaum på mils avstand så lenge eit vindu var åpent, det var VELDIG skittent, støvdotter, sand, stein, matrester, emballasje, mange snusposer  :shock: Ja det meste... For ikkje å snakke om kor stygge flekker det var i interiøret. I tillegg var girstanga VANVITTIG hard å bevege i tillegg til at førar og passasjerstol var umulig å justere, satt bom fast.

 

Girstanga var kjapp fiks med å spraye litt smørning nedi og etter litt bevegelse løsna det skikkelig! Bilen vart som ein nybil å gire, heilt fantastisk :D

 

Første steg var å få ut all dritten og støvsuge bilen godt, men sida seta satt fast fant eg ut at eg skulle kjøre på med trykkluft under seta for å få vekk dritt og DÅ laug det mykje rart rundt om ja...

Vidare blei det å ribbe bagasjerommet då panela på sidene var skitne og ekle. Det viste seg at i bunn på begge sider var det gjørme og nesten tette dreneringer, så det kom godt med! Her spadde eg gjørme ut, tømte på med vatn, vaska og tok ut gummien til dreneringa, vaska den og tørka alt med trykkluft før det blei montert igjen. Litt rust, men det er kun overflate, tenker å pusse ned og spraye på med rustprimer og evt lakk eller benga over (der det ikkje vil være synlig + det er sterkare enn vanlig lakk)

Bagasjeromsmatta vart dynka i avfetting, spylt med høgtrykk og lagt til tørk. Den var full i flekka og såg/lukta forferdelig!

 

Par bilder fra operasjon vask bagasjerommet:

Arbeid pågår!

20170111_203743_zpscdf8iwdp.jpg

 

Eine sida etter vask:

20170111_203808_zpsgpzl7iko.jpg

 

20170111_203814_zps9ayfyrhs.jpg

 

Nyvaska paneler til tørk:

http://s852.photobucket.com/user/hovard94/media/20170111_203751_zpsovtrwhsr.jpg.html

 

Resultatet:

Snapchat-521241305_zpsivlqzfm8.jpg

 

Det gjekk med godt og vel 3 timer på den jobben der. Glømte å ta bilde av korleis det såg ut før eg starta, det var ikkje fint...

Link to comment
Share on other sites

Forrige helg blei brukt til rensing av interiøret i håp om å dempe wunderbaum lukta, få vekk drittlukta og få bilen til å bli litt representabel. Det blei demontering og vask av luftdyser då dei var inngrodd i skit, ut med interiør og full rens med rensemaskin. Det kom seg veldig og var vel verd strevet. I tillegg blei det installert nye høyttalere.

 

Her er jobben med å vaske luftdyser og dashbord i god gang!

 

20170114_140952_zpsuvw9wbzp.jpg

 

Bilde av eine luftdysa før:

 

20170114_141248_zpsbtwdxist.jpg

 

Etter:

 

20170114_143441_zpscrmzwqo1.jpg

 

Bilen etter støvsuging, før rens og våtsuging:

 

20170114_172946_zpshazsdxhu.jpg

 

20170114_172932_zpsokwdzkyf.jpg

 

Og resultaten etter rens av gulvet:

 

20170115_170849_zpsrocgt0xq.jpg

 

20170115_170836_zpsngnanwgl.jpg

 

20170115_170833_zpszzegagbz.jpg

 

Her ser man driten som blir sugd opp av eine sitteputen, utrivlig farge..

 

Snapchat-1437444904_zps0tkmprxh.jpg

 

20170114_203041_zpsxbewm9am.jpg

 

Også til resultatet:

20170115_182332_zpsxxuonhpe.jpg

 

20170115_183331_zps3wnzyeck.jpg

 

20170115_183347_zpstdadtyms.jpg

 

Det er ikkje 110% men det er vel berre å innsjå at det er ein brukt bil, men den er no vertfall mulig å bruke uten kriops drakt fordi man er redd for å bli infisert av alt mulig  :lol: :lol:

 

Hiver heilt til slutt ut eit bilde. 190en blir vel i tippoldefaren til denne C350 Hybriden!

 

20170114_233545_zpsitutexdb.jpg

 

 

 

 

Link to comment
Share on other sites

Takker for det! Har ikkje blitt gjort så mykje. Bilen trenger nye bærekuler som eg håper blir skifta veldig snart. Var og på posten å henta nye tennkabler, fordelerlokk og rotor i dag. Har litt problemer med at bilen kan være tungstarta.

Den kan starte rett opp etter å ha stått over natta, men så bli treig etter å ha stått og gått litt. Den kan og starte veldig lett opp på varm motor eller være treig... Det er ingenting som går igjen når den er treig eller starter kjapt. Får håpe det hjelper med nye tenningsdeler! Tennplugger fekk den i forbindelse med oljeskift for eit par veker sida. Elles nokon tips til ka som kan gjere det?

 

Elles fekk den ein kjapp vask i helga. Bilde skryter på den litt ekstra enn virkeligheten vil ha det til

 

41a3c9e7348599cfafbbc87615f7ba7e.jpg

 

Sent fra min SM-G935F via Tapatalk

 

 

Link to comment
Share on other sites

201 er bilen før økonomene gikk bananas hos MB.

203 er bilen etter...

 

Det høvde seg sånn at jeg byttet skiver og klosser på både 201 og 203 i sommer. På 201 var det to slitasjevarslere, en på hver side forran. På 203 var det rasjonert bort en så det var bare varsler på h.side forran, og der sparte de vel noen skarve kronestykker :(

Link to comment
Share on other sites

  • 4 weeks later...

Takker for hyggelige tilbakemeldinger! Bilen er veldig kjekk ja  :D

Det stemmer, det er ein M102 med KE-Jetronic.

 

Har sida sist bytta tennpluggkabler, rotor og fordelerlokk, alt i Bosch. Skifta på forhand plugger og luftfilter. Uten at dette eigentlig utgjor noko spesiell forskjell på startinga.

 

Har i tillegg skifta bensinfilter og begge bærekuler framme så no er bilen god som gull, sett vekk frå startutfordringa. Og at det rasler noko enormt frå eksosen, mistenker at det er innmaten i katalysatoren siden alt under bilen sitter fast og er stille når man røsker og dunker i det... Er det nokon som har kat liggande til 190 tilfeldigvis?

 

Har og begynt å støydempe bilen litt. Har lagt dempematte i reservehjulbrønnen, hattehylla (er hull rett inn i kupeen der førstehjelpskrinet skulle vore...) og bagasjeluka. Det blei STOR forskjell!

Tenker å få tatt veggen bak bakseteryggen og alle 4 dørene og sjå korleis det blir då.

Hiver ut eit par bilder litt seinare  8)

Link to comment
Share on other sites

Har ikkje tilgang til ekstra releer desverre. Men eg har hatt ute sikringa på OVP releet og eg er usikker på om eg merka noko særlig forskjell med eller uten sikring i (bytta og til ny sikring). Men når sikringa var ute lyste ABS i instrumentpanelet, det gjer den ikkje med sikring i.

 

Link to comment
Share on other sites

Flott 190 Angående startproblemer; luftmengdemåler (eller rettere sagt potmeteret på mengdemåleren) slites med årene, så ikke utenkelig at den skaper problem for deg.

Er den levert med rødt interiør egentlig. Og så har tidligere eier satt inn sorte seter og dørtrekk?

 

 

Sent from my iPhone using Tapatalk

Link to comment
Share on other sites

Takker for det :D

190en fungerer veldig fint utenom startproblematikken ja. Har lydisolert bagasjerommet med lyddempingsmatter og det gjor VELDIG stor forskjell. Skal ta alle 4 dørene og veggen bak bakseteryggen så fort eg får meir matte så trur eg det blir heilt topp!

 

Hmm, skal sjekke ut det med potmeteret. Tenker og å få tatt ein CO måling av den, har høyrt at det ofte kan være gjere ugang om det er feiljustert.

Bilen har vore levert med rødt interiør originalt ja. Syns egentlig ikkje det ser så værst ut med rødt teppe og svarte stoler og dørpanel. Dog skulle nederste delen av dashbordet vore svart. Men om eg kjem over ein delebil med bra svarte tepper så er det nok ikkje usansynlig at eg bytter det ut.

Elles tenker eg å få skifta olje på diffen nærmaste framtid.

 

Fekk og Rupes DA poleringsmaskin i posten i dag, så no lever lakken farlig på både 203en og 190en! Spesielt 190en trenger sårt lakkpleie og trur den virkelig kan skinne med ein god porsjon tålmodigheit, men det er eit prosjekt til det blir litt meir varme i været!

 

 

For ein liten "oppdatering" på 203en så har den etter å ha gått fullstendig feilfritt (veldig rart at ingenting trenger å byttast  :lol: ) i ca 1 år no fått feilmelding "Dipped beam front L". Såg framme og der var det tomt for lys. Har ved eit par anledninger lagt merke til at venstre lys blinker eller skjelver litt rett etter oppstart og tenkt at noko har vore pågang, men no var det altså dødt. Etter litt googling fant eg ut (kun dei med seriøse problem som forteller om det på nett...) at det stort sett er ballaster og/eller tenneren som er død. Men med godt mot flytta eg pæra fra høgre til venstre frontlykt i håp om at den friske pæra skulle lyse i venstresida og der vart det lys! Så då var det konstantert, kun defekt pære.

Neste utfordring meldte seg når det gjekk opp for meg kva xenonpærer faktisk koster... Tett opp i 2k for 2 stk nye Osram Nightbreaker Unlimited pærer i Norge. Mens det vart 800kr med frakt fra Tyskland for 2 stk og sjølv med toll og mva er det nokon kronasjer spart!

Får tru dei nye pærene er så gode som dei blir reklamert for. Sto Osram Xenarc Original eller lignande i no.

 

 

Link to comment
Share on other sites

  • 1 month later...

Det har diverre vore veldig stille på oppdateringsfronten.. men det har derimot skjedd ting! Lyddempa dørene og rygg mot bagasjerommet, men det aller største som har skjedd er at eg kom over eit sportline interiør(!) på finn i nærheten og det måtte jo berre gå ein veg det... I tillegg har bilen fått på seg sommarhjul og DET var deilig! Fulgte med nokon Lorinzer sommerfelger med ganske slitte dekk (og felgane var midr på treet fine) så heim på noko eg hadde liggande fra w202en. Syns bilen kledde dei, dog litt moderne felger i forhold til bilen kanskje. Ka syns dere?

 

1981a191a33a1986469b39c6435337d0.jpgdecd58f540781d23d846d59725a6081d.jpgc5810d2b7f2bbc9b694a1c7a3ec7350f.jpgc7fa1e210d335f3238f3b3bbc0c45b2f.jpg2e7ef330572526fc1aadd86455b453dc.jpgad5fd119a2d37ba040acb3adae35ff3d.jpg8eb647cf6388dd4659b43de521a73f27.jpg

 

Sent fra min SM-G935F via Tapatalk

 

 

Link to comment
Share on other sites

Artig historie om gårsdagen; Eg er på jakt etter litt deler til 190en og i den forbindelse sjekka eg Finn torget jamnt og trutt etter deler. Dette gjor eg også i går og kom med ein gang over ein heil 190 til salgs, rett i nærheita (det er ikkje ofte det er sånt i området!) Ein stakkars 87 mod 2 liter 4 trinns manuell, norsk bil med KUN 162 000km på tellaren. Bilen har gått i arv i samme familie heile tida og har på mange måter kun 1 eigar.

 

Bilen hadde ikkje gått gjennom EU kontrollen og var til salgs for ein rimelig pris. Tenkte at dette er perfekt delebil og ringte selger, avtalte å hente bilen samme kveld. Fekk med meg sjåfør, tok 190en og møtte opp. Eg har vel konkludert med at denne bilen ikkje blir delebil, men fiksa så den går gjennom EU kontrollen! (Med forbehold om at den ikkje er rusten og jævli under).

 

Så no har det balla på seg med biler, heheh...

Bilde når bilen blei henta!

 

Trenger seg en vask og ein gjennomgang, men bilen er nyyyydelig å kjøre! Heilt original med raudt interiør!e919db778c552ba83d0c4d401f5d8201.jpg116fcfeb16e9609bf04af3ba7f419b92.jpg

 

Sent fra min SM-G935F via Tapatalk

 

 

Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

×
×
  • Create New...