Brage Posted February 7, 2016 Posted February 7, 2016 Halvt års tid sidan fekk eg tilbod om å kjøpa ein s124 eg ikkje kunne seia nei til. Bytta då vekk ein w201 eg hadde som pendlarbil. Dette er eit karosseri eg draumde om som litan tass, og her sit eg i dag - dog litt mindre oppdatert dagens standard enn då dei berre var eit par år gamle. Ikkje mange her inne kjenner meg frå før, så kan fortelja litt kort. Er per i dag (edit: då eg starta tråden) 23 år gamal og held til i Telemark. Jobbar i Porsgrunn som industrimekanikar, men skal snart finne nytt beite. Har frå tidlegare for det meste hatt 4x4 tidlegare (henhaldsvis Hiluxar på 35 og 37", Land Cruiser Arctic Trucks 44" og Suzuki SJ), men det er ikkje heilt topp når ein pendlar 9mil om dagen mtp kontrollar og komfort. Hadde ein w201 eg forsåvidt hadde store planar for, men plassen i den var for liten til dagleg bruk. Likevel fekk eg rive ut rundt ein 100kg i dauvekt, modifisert litt og bytta frå 2.0 automat til 2.3 manuell det halve året eg eigde han. Sleit mykje med motorane og endte opp med å selja før eg rakk å bytta til M111 2.2. Så vidt meg kjend er han utstyrt med 744 - Brillantsilber 211 - Automatic Limited Slip Differential (ASD) 240 - Outisde Temperature Indicator 280 - Leather Steering Wheel And Gear Shift Knob 291 - Airbag For Driver And Front Passenger 300 - Storage Box In Front Tray 340 - Additional 3rd Stop Lamp 412 - Electric Sunroof 420 - Automatic Transmission (4 Speed) 515 - MB Radio Classic RDS 531 - Automatic Antenna 541 - Double Roller Blind 570 - Folding Armrest Front 580 - Air Conditioning 584 - Electric Rear Windows 591 - WD Green Glass ALL-RND HTD rear window 620 - Air Pollution Control 652 - 8-hole Light Alloy Rims 673 - High-capacity battery 744 - Dark blue Soft Top fabric 5010 880 - Closing System With Infrared Remote Control 885 - Highten Theft Protection Ettermontert: 222 - Electric Front Seat (Right) 241 - Electric Front Seat With Memory (Left) 731 - Walnut Wood Trim nnn - Sportline skinn, svart nnn - Brannslukkar No er eg i utgangspunktet eg ikkje interessert i å ha mest utstyr i bilen min, men ei stasjonsvogn blir aldri racerbil heller.. Quote
Brage Posted February 7, 2016 Author Posted February 7, 2016 Planane for bilen er ikkje hinsides, men noko burde eg få til. Er ikkje kjend for å greie å ha original bil lenge. Registerkjedet på motor raslar ein god del så går å tenkjer på om eg like gjerne skulle bytta motor til OM606a. Ikkje noko enormt med effekt, så kan alltids byrje med original td-motor. Har forstått dette er ein grei jobb sjølv om eg må bruke elektronisk pumpe mtp godkjenning. Eg er ikkje stort fan av automat. Manuellkassene til Mercedes er generelt sä-här, men når eg ikkje står og børner burde det vare litt. Kassa eg har fenge fatt i er 717.413 så vidt eg hugsar. Frå ein OM602 w201 med enkeltmasse svinghjul. Understell får polyuretan rund baut med justerbare stag bak. Bilen må godkjennast med senk før eg fjærner SLS pga fjørene er konstruert basert på at nivåreguleringa held ein del av vekta. Blir Eibach Pro-series om ikkje stort anna blir anbefalt. Har generelt dårleg erfaring med H&R i kombinasjon med I6-motor på Mercedes-Benz. Etter nivåregulering er vekk får eg smidd eit par nye bak med riktig load rate. Nye demparar framme har blitt bestilt. Bilstein Sprint B8. Har 280mm bremsar framme med tilhørande ventilerte skiver bak liggjande. 4-stempla framme og 2-stempla bak frå E320 T. Calipterar må sjekkast over og nye klossar+skiver må bestillast. Enno er eg framleis usikker på karosseri og om eg skal gjera stort med det. Får berre prøve å halde rusta unna. Interiørmessig har eg allereie bytta seter og dørtrekk. Prøver no å leite opp eit nytt teppe så det får koma når det kjem. Taktrekk har blitt nappa ut frå delebilen så dette kjem omsider i alcantara. Quote
Brage Posted February 7, 2016 Author Posted February 7, 2016 Henta bilen i Porsgrunn der han hadde stått med låste bakhjul i eit halvt år pga for lange hjulboltar på stålfelgane. Reiv av hjul, skiver og band før eg køyrde han heim. Det viste seg at etter det halve året hadde returslangen mellom dyse og filterhus morkna og det lak ein del mellom. Valde å stoppe halvvegs heime (2mil unna) for å sjekke mtp søl og brannfare. - Det var då helvete starta. Viste seg at etter litt tørking og forebygjande rep vart gjort valde innslaget å kaste inn handklede kl1900 på kvelden. Ikkje særleg aktuelt å korkje starte ein automatbil i gir eller taue han heim så etter eitpar telefonar fekk eg tak i ei tralle. 5 mil unna og bil til å dra med 3 mil unna det igjen. Noko køyring og 4 timar etter stod eg klar for å få den nye ervervinga på tralla. Noko (les: ein del) subbing over plankanten og det gjekk til slutt. Fekk stroppa alt i hop, køyrd heim, trilla han av på verkstaden og levert bil med tralle kl0530 ... Quote
Brage Posted February 7, 2016 Author Posted February 7, 2016 Henta bilen fredag og allereie sundag same helga dukka det opp ein '95 s124 E320 berre eit par km unna. Reiste for å sjå og endte opp med å ta han med heim. Bror min tok motoren (M104.992) og eg stakk av med resten. Svart Sportline skinn, memory førarside og berre el. på passasjerside, valnøtt og brannslukkaren fekk etterkvart ny plass i bruksbilen. Quote
Brage Posted February 7, 2016 Author Posted February 7, 2016 Ettersom bilen stod utan innslag kunne eg like godt bytte over interiør. Tok ut det gamle, gjorde reint og smørde opp skinnet i det nye (med AutoGlym for dei som er interesserte i det). Då eg fekk rive ut teppet fann eg ein sprekk i overgang mellom gulv og torpedo på førarside. Sveisa denne, grunna, lakka farge og klårlakk til slutt. Primer, lakk, klårlakk og bodyskydds på underside. Fann samstundes at det mangla ein gummiplugg i kanal framfor framre jekkfeste på passajserside så noko vatten hadde komen inn. 'Ny' plugg frå delebilen og vipps så var denne saken au biff. Kondens hadde samla seg i flytande form i store delar av dørken. Noko som resulterte i at store delar av asfaltmattene var lette å draga av. Henta rundt 20kg her, men spørs i ettertid om dette skal inn igjen. Dette er som nemnd ei stv - ikkje den tidlegare 190en min (som forøvrig slanka seg 100kg). Quote
Brage Posted February 7, 2016 Author Posted February 7, 2016 Det nye skinninteriøret hadde ikkje el.ruter bak. Noko som resulterte i baufil og tapetkniv for å få montert inn brytaren i dørane bak. Ikkje stort å skriva her, men legg ved eit par billete. Quote
Brage Posted February 7, 2016 Author Posted February 7, 2016 Medan eg haldt på med dørpanel kunne eg fyrst som sist setja inn nye høgtalarar. Kjøpte to Kenwood til bakdørene og to Kenwood til dashbordet. Litt store då eg skulle montere, men skor litt forsiktig i skummet så gjekk det som på skinner mtp plass til ristene. Spelaren vart Pioneer DEH-X8700DAB. Quote
Brage Posted February 7, 2016 Author Posted February 7, 2016 Fekk til slutt tak i ein startar. Vaska denne litt og monterte inn. Måtte glise litt og immitere Jim Carrey frå Ace Ventura. Like herleg 14 dagar etter tok dynamo kvelden. Dagen før eg reiste til Nürnburgring for avsluttande del av Old Timer Grand Prix... Flott å ha ein driftstrengande jobb hengande over seg når ein kjem heim att. Tross ein av dei lettaste jobbane å gjera på desse bilane. Quote
Brage Posted February 7, 2016 Author Posted February 7, 2016 Greit å få bytta alt av oljer, væsker og filter ved kjøp av ny bil. Legg veit eit stemningsbillete frå same dagen. 17" w202 originale AMG-hjula påmontert. Quote
Brage Posted February 7, 2016 Author Posted February 7, 2016 Stod proffsota ruter på delebilen så endte opp med å flytte desse over. Droppa siderutene framme ettersom PKK kjem no på vårparten. Quote
Brage Posted February 7, 2016 Author Posted February 7, 2016 Stemningsbillete frå Eidsborg stavkyrkje i Tokke i Telemark. Har ikkje fått justert panseret heilt etter eg bytta det. Quote
Brage Posted February 7, 2016 Author Posted February 7, 2016 Kjøpte to-delte felgar frå ein kamerat då AMG-hjula får litt for mykje gummi. BBS RR i dim 18x9". Sliter litt med at dei stikk for langt ut så får sjå om det kjem ei ordning på det ... Siste billete er med 280mm skiver. God plass til 300 evt 330! Quote
Brage Posted February 7, 2016 Author Posted February 7, 2016 Mercedes på sitt beste. Motoren er OM606.910. Quote
_s_y_v_e_r_s_e_n_ Posted February 8, 2016 Posted February 8, 2016 Den går like langt igjen også Quote
Brage Posted February 18, 2016 Author Posted February 18, 2016 Har hatt litt risting i mellomakselen den siste tida. Med opplagringa av mellomakselen i bakhovudet bestilte eg oppheng, lager og to hardy-koblingar frå BOS. Smalt bilen opp i tosøylaren med misjon for dagen. Bekrefte slitt oppheng, situasjonsrapport av understell mtp komande PKK, førebuande vedlikehald med fem-seksogfemti, og sjekk av klukking framme. Forhaldsvis heil og grei, men litt karosserirust som må utbetrast. Ser au motor lek olje, automat lek olje, litt vasslekkasje og våt bakdiff. (Manglar berre lek i servo så blir det full bingo... Jinx ) Ristinga var ein laus bolt i bakre hardy, og dette har vel ikkje heilt vore gull for tetninga (og lagera? Jinx igjen ...) til pinionen. Med dette sagt tykkjer eg generelt ALLE MB-motorar og diffar frå denne epoka er nedsausa i gamal - og ny, olje. Slenger med eit par billete så blir det litt meire all-right å lesa EDIT: Kva er meininga med ventilen på nederste billete? Stend montert framfor styresnekka. Er den mekanisma i toppen termostatstyrt med bimetall? Quote
Brage Posted February 18, 2016 Author Posted February 18, 2016 Fekk demparar i posten i går. Ubrukte utan emballasje. Allereie same kvelden stod dei ferdig påmontert med nytt tårnlager på v.f. 10m ut på vegen og kjente kontrasten allereie, men no må foringar og ikkje minst fjører byttast ... Quote
Brage Posted February 21, 2016 Author Posted February 21, 2016 Byrja å bytte om til manuell i dag. Automatkasse og alt ute etter 6 timar sånn omtrent - med nokre matpauser. Starta å samle delar i haust. Girkasse og svinghjul frå w201 om602, og spakstell med pedalar frå w201 m102. Svinghjulslager SKF 6202-2Z C3. Er originalt -2RS, men valde 2Z pga temperatur. C3 i glapp. Dette igjen pga temperatur og presspasning i boringa i veiva. Har ikkje lest stort sjølv her på forumet så må berre beklage om andre har skrive dette før. Tok til med eksos fyrst. I og for seg greit, men dette satt noko grådig ille fast. Måtte ty til blåselampe og klypt fastnøkkel til slutt. No i ettertid ser eg at eg treng boga fastnøklar. Typisk dei som brukast på startarar o.l. Deretter gjekk eg vidare laus på mellomaksel før det bar vidare på sjølve flensen til kassa. Maskinisten (rekkeseks), måtte jekkast framme for å vippe kasse med framre mellomaksel ned bak. Greit å tappe ut olje av converter og kasse medan han står skrått. Trikset i Ludo for å skru det då er forlengarar - mange forlengarar.. Kassa kom til slutt ut og det var då tid for converter og startkrans. Grei skruing dette au, men trudde ikkje dette satt med torx-boltar..? TX55 for startkrans og EH10 for converter. Greit å ha hjelpemann til å halde att på veivhjulet, evt muttertrekkar for å ikkje rotere på veiva. Det kjem meire i morgon. Quote
Brage Posted February 22, 2016 Author Posted February 22, 2016 Dette blir jo meget bra! 8) Takk skal du ha Blir bra med overdrive. Den gamle automatkassa har no runda 515k km og har lenge slura i tillegg til heile tida gått frå 2. til 4. og så ned i 3 ved oppgiring frå 2. til 3. Quote
Jørgen F.J Posted February 22, 2016 Posted February 22, 2016 Flott bil Hvilken Bilstein dempere har du ? er ikke kjent med dem, men er det uta ¨B¨serie ? Quote
Brage Posted February 22, 2016 Author Posted February 22, 2016 Flott bil Hvilken Bilstein dempere har du ? er ikke kjent med dem, men er det uta ¨B¨serie ? Takk skal du ha. Demparane er B8 "Sprint". Ser ein del vel gule Koni, men ser ikkje vitsen i å betale meire for mjuke demparar med justering når eg likevel hadde satt dei på 'hard'. Quote
_s_y_v_e_r_s_e_n_ Posted February 22, 2016 Posted February 22, 2016 Jeg gjorde omvendt for noen år siden. Det er uvant den første uke etter bytte. Men jeg satt med panna i frontruta pga bremsen et par tre ganger da, det slipper du unna En ting er å gå fra manuell og gir i to forskjellige biler, men i den samme er litt artig Quote
Recommended Posts
Join the conversation
You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.