nyskje Posted January 2, 2015 Posted January 2, 2015 Godt nyttår! Har hatt min MB i snart eitt år, og nokre irriterande feil er der. Frå før av har eg inngåande kjennskap til eit visst engelsk bilmerke, men ingen kjennskap til MB frå før. Godt fornøgd så langt til tross for småtteri 1. Bilen er startvilleg, men noko nøkkete/gyngete i motorgang/kengurugange i tillegg til svart røyk. Synes også eg høyrer ein lyd som er i takt med nøkkinga på motoren, og dette oppstår ved pådrag - mest moderat pådrag. Dreg eg på meir girar den ned og går tilsynelatande normalt. Den ulyden som oppstår i takt har eg tenkt er stempelet i EGR-ventilen som går inn og ut. Eventuelt turbo/vakuumklokka på turboen. For øvrig virkar det som han nøler når eg gir på - det vil seie at han ventar liksom eit sekund for lenge før han girar ned og dreg på med tilsynelatande normalt drag. Dog ryk det ofte svart ved pådrag, men mest før han girar ned. Synes også eg merkar ved vanleg køyring at motoren liksom dauar vekk i eit millisekund. Litt som den har tenkt å stoppe, men ombestemmer seg like kjapt. Har aldri stoppa, og går tilsynelatande greit sånn sett. Forbruk på langkøyring i følge computer er forbruk ca 0,55 - blanda køyring 0,7-0,9. Har hatt bilen på diagnose hos MB lokalt, men dei sa fint lite om kva dei ulike feilkodane kunne tilseie. Har lagt ved eit bilde med feilkodane for motor og ESP. Feilkodane på motor er P1481-001, P1664-002, P1403-032, P1470-016 og P0105-002 (i tillegg to "skjulte"? feilkodar: P2204-001 og P2203-001). Har googla til auget blir både vått og raudt, og sjølvsagt tråla forum i inn- og utland. Feila med min bil er liksom ikkje heilt som med andre, men nokre likheitstrekk er der likevel. Har gjort følgande utan at dette har ført til noko endring: - Ny intercooler og nye slangar mellom turbo og ic og mellom ic og egr-ventil. - Rensa og sjekka at EGR-ventil bevegar seg. - Tatt av innsug, fjerna spjeld og blenda hola til spjelda. Gjort reint. Ikkje kobla frå motor til spjeld, men staget osv er vekk. Nye pakningar til innsug ved montering. - Ny MAF. Har også bytta tilbake til den gamle utan endring. - Ny sensor (hugsar ikkje kva den heiter), men eine av dei som sit på siste røret mellom ic og EGR-ventil/innsug. - Ny turbotrykksventil (den elektro-/vakuumsaken). - Nye vakuumslangar. - Nye filter (luft og diesel). - Ja, og glødeplugg då. Nokon som har lyst å gje tips til feilsøking, kva som kan vere gale osv? Har ikkje veldig lyst til å kjøpe nye dingsar og skifte på måfå, men om nokon har svært gode erfaringar tek eg gjerne i mot dette med takk. Tek også i mot tips til å løyse feila som ikkje direkte kan føre til feila på motor (har skifta glødeplugg, men feil på ekstra el-varmeapparat P1664-002 kunne vere ok å få få gjort noko med). 2. Nivåreguleringa er eit kapittel for seg har eg forstått. På min bil er den kanskje kobla frå? Koden C1504-009 indikerer kanskje dette. Hadde også kode C1024 på ESP. Tenker å skifte olje på servo og nivåregulering. Er det spec MB345.00 dette systemet skal ha?
nyskje Posted January 5, 2015 Author Posted January 5, 2015 For øvrig ikkje teikn til lekkasje rundt dyser. Km.stand på bilen er ca 190.000
nyskje Posted March 12, 2015 Author Posted March 12, 2015 Ingen som har vore borti liknande feil? Tek gladeleg i mot tips og råd
Recommended Posts
Please sign in to comment
You will be able to leave a comment after signing in
Sign In Now