Håkon Berg Gunnarson Posted January 4, 2012 Posted January 4, 2012 Bilen min, ein 2000 W210 E200 har begynt å lage ein ekkel lyd som såvidt eg kan forske meg fram til kjem i frå universalleddet oppe i akseltunnelen over eit varmeskjold og eksosannlegget. Nokon som har erfaring? Lyden forsvinn nesten eller heilt når ein gir litt skikkelig gass, og minner om "ødelagt-lager" lyd. Er det eit opphengslager her oppe, som kan lage lyden, eller er det sjølve kloa? Fekk ikkje full oversikt då eg såg bakifrå. På forhand takk Håkon Quote
Kurt Jonny Posted January 4, 2012 Posted January 4, 2012 Der er nok ett opphengslager som står i et gummioppheng til mellomakslingen. Har skiftet mange på 123 og 124. Så det ryker nok på 210en også rekner eg med. Quote
Håkon Berg Gunnarson Posted January 9, 2012 Author Posted January 9, 2012 Nok ein gong er eg overraska over kor greie desse bilane er å skru på! Med fartstid frå fattern sin VW Multivan er ein helst vant med at ein treng spesialverktøy til alt, eg trong jo ikkje løyse ned eksosen ein gong slik eg trudde.. Det var mellomaksellageret som laga lyden, heilt klart gåent. Berre å bestilla nytt då og montera opp att. Kjekt når det er 5 skruar som må ut og ingen sit fast! Quote
Håkon Berg Gunnarson Posted January 13, 2012 Author Posted January 13, 2012 Viss andre får dette problemet, så kan det nevnast at delen som blir lagerført som mellomaksellager W210 er eit standard SKF lager som kan kjøpast til ein langt billigare penge enn hos Bos eller Mekonomen Krise er det uansett ikkje, då delen kosta vel 300. Quote
Recommended Posts
Join the conversation
You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.