Jump to content

aweibell

Members
  • Posts

    24
  • Joined

  • Last visited

Everything posted by aweibell

  1. Takk, den har eg brukt fleire gonger når eg har bytta olje eller andre ting sjølv, men no ynskjer eg at bilen skal få informasjon om at servicen blei utført for 13000 km sidan.
  2. Hei, Er det nokon i Sør-Rogaland som kan hjelpa meg med å registrera ein service i ettertid? Hadde service hjå merkeforhandlar i Danmark då me var på ferie, men dei har tydelegvis ikkje fortalt bilen at dei skifta olje :-/ Tok servicen litt før tida, så etter berre 7000 km kom det opp melding om at bilen ville ha ny service. No veit eg ikkje kor tid den eigentleg skal ha service neste gong...
  3. Kan ikkje svara deg på kabel-spørsmålet, men eg fann ein ny del på eBay då tannhjulet vart utslitt på min. Måtte bora opp låsen og stripsa den saman att etterpå, men det blei i alle fall ikkje dyrt
  4. Om lag halv pris i Danmark er mi erfaring. Sent fra min Nexus 5X via Tapatalk
  5. Rart. På min slutta den å virka. Fekk den reparert for 3-4 år sidan, men no har den slutta å fungera for andre gong. Virkar ein og annan sjeldan gong.
  6. Min har alltid laga mykje lyd. T.d. når eg låser opp bilen. Sent fra min Nexus 5X via Tapatalk
  7. Hehe... Det er godt mogleg! Sent fra min Nexus 5X via Tapatalk
  8. No har eg avtalt tid hjå Ejner Hessel i Hjørring neste veke. Blir ca 14 500,- norske, eks mva. Sent fra min Nexus 5X via Tapatalk
  9. Det kan vera lurt å sjekka feilkodar, sletta alle, køyra ein liten tur og så lesa av på nytt. Då slepp ein å få med "gammalt grums".
  10. Interessant! Eg bur berre ei drøy mil frå den adressa, men kjenner ikkje til dei. Ser ikkje ut for at det står noko om SBC, og det er mange variantar av SBC òg. Men det går jo an å spør dei. AutoMester som eg snakka med var skeptisk til deler som var overhalt av andre enn dei store, seriøse. God grunn til å vera litt forsiktig når det gjeld bremser...
  11. Oops. Ser at du held til litt lenger nord enn eg, så eg trekk tilbake det med reisetid til Danmark
  12. AutoMester hadde for øvrig bytta slike mange gonger, så ein må ikkje til BOS for å få gjort det her i landet heller. Rimelegaste ny i Noreg trur eg AutoTrio tilbyr, med entusiast-rabatt. Sent fra min Nexus 5X via Tapatalk
  13. Interessant. På min står det "Visit" og ikkje "Consult", men eg veit ikkje om det berre er ulik versjon av software. Viss det er den teljaren som @Davor nemner, så er det visst mogleg å forlenga, men det er vel ein grunn til at dei har sett ei grense. Slik eg har forstått det er det ikkje mogleg å sjå om pumpa er slitt, så det tryggaste er å bytta. Det er mogleg å få SBC-uniten overhalt av Bosch, men hjå AutoMester der eg var kjende dei ikkje til det. Eg skreiv til Bosch, og dei svara at verkstaden kunne senda inn til dei. Sjå på https://www.bosch-repair-service.com/DK_dk/Welcome.xhtml&Token=:00-48855-98B3-53B7-34428639C636D12B791292530 Elles har eg fått god pris hjå Ejner Hessel i Hjørring på å bytta til ny. Det kan vera eit rimeleg alternativ til BOS, sjølv inkludert ferge, hotell og reisetid.. Sent fra min Nexus 5X via Tapatalk
  14. Det same skjedde for meg på S211 – panseret ville ikkje opp, for vaieren hadde hoppa av på høgre side. På min var det eit plastdeksel under låsen, truleg for å beskytta brytaren. Eg måtte opp med armen frå undersida for å få av dekselet. Deretter var det enkelt å vippa låsen til open stilling.
  15. Takk for tips! På deira side står det Eg har altså ingen av desse, men C235E, C249E, C25D4 og C2254 Og like under står det også: "Andre driftsfeil." Det tolker jeg som at de også fikser andre feil på SBC. Ah.. Godt poeng! Takk for presisering Eg hang meg opp i kodane, sidan EPS Elektronik berre kunne fiksa den eine. Takk for tips! På deira side står det Eg har altså ingen av desse, men C235E, C249E, C25D4 og C2254 Og like under står det også: "Andre driftsfeil." Det tolker jeg som at de også fikser andre feil på SBC. Sent fra min Nexus 5X via Tapatalk
  16. Takk for tips! På deira side står det Eg har altså ingen av desse, men C235E, C249E, C25D4 og C2254
  17. Rettedal bilkontroll.no har eit rustmiddel som dei hevdar er ekstremt bra. Sent fra min Nexus 5X via Tapatalk
  18. Eg skreiv til dei for å spør om dette, og fekk til svar at dei ikkje kunne hjelpa meg! Dei kunne berre fiksa C249F-feil, medan eg har C235E, C249E, C25D4 og C2254! Er det nokon her som veit kva som er skilnaden på desse?
  19. Ja, takk og pris for alternative leverandørar! ..og for mekkehjelp frå folk som har skrudd meir enn meg.
  20. Takk for mange gode svar! FrodeS, eg set tryggleiken høgare enn det – ser ingen grunn til å leika med eige og andre sine liv – men eg tenkjer at ein slik terskelverdi på antal aktiveringar ikkje endrar tilstanden over natta, så eg trur ikkje risikoen for feil er særleg mykje høgare den neste månaden enn han var for ein månad sidan, før eg fekk opp feilmeldinga i displayet. Overhaling i Tyskland ser ut til å vera eit fornuftig og interessant alternativ. Ca 5000,- NOK inkl frakt, så langt eg kan sjå, og forsåvidt rimelegare om dei skulle finna ut at tilstanden er bra, men det er no like greit å få det overhalt uansett om ein fyrst sender avgarde. Eg kan klara meg utan bilen eit par veker, men er det mogleg å bytta SBC utan Star? Heile systemet må vel luftast etterpå, vil eg tru? Er det godt nok med sånn multi-diagnose-verktøy som AutoMester-verkstaden her har – Mega Macs 66? Ja, bilen er gamal, så eg forventar ikkje at han skal vera feilfri, men det er langt fleire og større feil på denne enn det var på 124-en, som var eldre og hadde høgare km-stand. Men den hadde mindre utstyr som kunne feila òg, då. BOS Rogaland verkar ikkje som dei skjemmest av prisane sine heller... Ny turbo ville dei ha 32 000,- for, medan Turbo Service tok ca 12 000,- for ein heilt identisk Garrett turbo. I praksis vil det seia at dei har om lag TJUE TUSEN KRONER MEIR enn Turbo Service i forteneste – det er jammen drøyt! Og i tillegg må ein ut med 1 500,- pr time i arbeidspengar – det nærmar seg jo advokat-nivå Ein gong hadde eg lekkasje i dieselpumpa på 124-en, og BOS tilbaud ny pumpe for 12-13 000,-. Ringte Sandnes Elektro-Diesel og fekk bytta pakningar for 1 628,- inkl. arbeid. Klaus & Co i Flensburg ville ha € 2 500,- for å bytta SBC, så det var faktisk ikkje så mykje billigare enn BOS.
  21. Takk for svar, @carlsson! Interessant at Mercedes i Tyskland sender varer som er handla frå USA?! Er det via "offisielle" kanalar? Eg trur det ofte har stått "SBC Service" på lista over ting som er utført på service hjå Mercedes-forhandlar, faktisk, men eg anar ikkje kva dei gjer... Eg har opplevd sånn blinking og hyling då regulatoren tok kveld og batteriet var flatt – eg ville eigentleg tru at viss det var teikn til alvorlege feil med SBC-systemet ville det kome noko slikt. I utgangspunktet er eg skeptiskt til å berre forlenga perioden viss det er fare for at det faktisk er noko gale, men eg veit ikkje om dei har nokon annan måte å sjekka tilstanden på enn denne teljaren? Joda, litt slitasje må ein sjølvsagt rekna med, og regulatoren er jo ikkje dyr, men verkstadane som eg fekk pris frå vurderte visst ikkje ein gong å bytta berre den. Om eg skulle reparert både turbo og dynamo hjå BOS hadde berre delene blitt om lag 30 000,- dyrare enn det blei for meg!
  22. Hei, Eg har vore mb-entusiast så lenge eg kan hugsa, men etter at eg for fem år sidan måtte erstatta min solide 124 då den blei kondemnert (ein hest sprang inn i sida på den!) har entusiasmen dalt litt... For all del, min 2004 S211.216 270 CDI er ein herleg bil å køyra, men den har hatt relativt store (og uventa) feil: 2012: intercooler knakk – kunne heldigvis stripsast 2014: turbo defekt – heldigvis fann eg Turbo Service AS i Bærum! Der kosta ny turbo ca 1/3 av hjå BOS 2015: dynamo defekt – heldigvis berre regulatoren 2016: SBC-pumpa syng på siste verset eller..? Bilen er snart gått 155 000 km (80 000 km i 2011) og til å vera eit "kvalitetsmerke" må eg tilstå at eg tykkjer dette er alt for mange store feil på såpass låg km-stand!? SBC I om lag ein månad har eg hatt meldinga "Service brake. Visit workshop." i displayet. Eg tok det ikkje så alvorleg i starten – sjekka klossane og slikt, og fekk tips om at det kunne vera berre ein defekt slitasjeindikator. Så var eg innom ein lokalt AutoMester-verkstad og fekk lese av feilkodar: C235E – Servicetærskel nået C249E – SBC-styreenhed C25D4 – Trykforsyning C2254 – SBC-styreenhed Eg har lese litt rundt på forumet her og forstå at dette er styrt av ein teljar for antal aktiveringar, og ikkje nødvendigvis eit teikn på faktisk slitasje. Så ringte eg BOS, og han eg trefte på sa at det truleg var nødvendig å bytta SBC-eininga. Det grunngav han med at viss den ikkje vart oppdatert på kvar service så kunne den bli øydelagd? Eg har fulgt alle intervall for bremseservice og fått dei utført på merkeverkstad, men tatt oljeskift og filter sjølv. Han eg snakka med hjå BOS sa i tillegg at eg kan risikera å mista bremsene viss eg ikkje gjer noko med dette. Kan det verkeleg stemma? Då eg tok sertifikat, lærte me at det var påkravd med to bremsekretsar, slik at det t.d. kunne gå hol på eit bremserøyr utan at bilen mista all bremsekraft. På same måten ville eg tru at bremsene skulle kunna fungera sjølv om SBC-pumpa går i stykker? Ein kan jo bremsa utan motoren i gang, sjølv om det er tyngre. Det hadde vore flott om nokon som har god greie på dette kunne kommentera påstandane frå BOS og fortelja meg om det er trygt å køyra med bilen med desse feilkodane! Har planar om ein tur til Tyskland til sommaren, så eg håpar eventuelle verkstad-opphald kan utsetjast til då EDIT: Iflg Wikipedia fungerer SBC som konvensjonelle bremser i tilfelle elektronisk feil: "In case of computer failure, SBC reverts to an hydraulic master cylinder, but driver effort and stopping distance is reported to increase.[2] In case of pump failure the high-pressure reservoir is capable of retaining enough pressure to stop the vehicle electronically. Information on other types of failure remain an open question."
×
×
  • Create New...